Dagbladet, lørdag 6. oktober 1990

Politisk språk er eit offer for sosialøkonomisk tenkemåte. Samfunnsproblem blir gøymt bort i matematiske finurligheter. Det er like alvorlig å vera arbeidslaus fordi om stigningstakta i talet på arbeidslause er fallande.

 














Det er ille å vera arbeidslaus, sjølv om dei deriverte oppførar seg hyggelig.
(Foto: Åsgeir Valldal)

Det deriverte diktatur

Norge er på verdenstoppen igjen i shipping. Det kan vi takka gamle skip, utanlandske sjøfolk i NIS og Saddam Hussein for. Etter at han stelte til uro nede i Golfen, for oljeprisene til himmls. Vi burde kanskje låna han oljefondet til takka.

Men det kom ei økonomisk gladmelding her i sommar også. Det var det amerikanske arbeidsdepartementet som melde at Norge i fjor hadde størst produktivitetsvekst av alle dei fremste industrilanda. Det var jo dit vi skulle når Jan P. Syse og Arne Skauge og Trond Reinertsen hadde ført oss gjennom den økonomiske øydemarka av låg produktivitet, dårlig effektivitet og svak konkurranseevne.

Korfor da så liten jubel? Haken ved det er at den hellige produktiviteten har med to ting å gjera: Kor mye som blir produsert, og kor mange som produserer det. I Norge produserte vi ikkje meir i industrien i fjor, men det var færre som var med og produserte. Vi kunne med andre ord visa opp fleire arbeidslause. Derfor gjekk Norge til topps i verdensmesterskapet i produktivitetsvekst.

Det som er godt for dei arbeidslause er altså dårlig for produktiviteten, og omvendt. Det er ikkje så greit med sosialøkonomi og matematikk.

Eg har alltid hatt store problem med matematikken. Det gjekk ikkje betre enn at eg strauk på gymnaset. I ettertid var det nok best slik. Det er ikkje godt å vite kva slags ulykker som kunne ha ramma meg dersom eg var blitt hekta på tredjegradslikningar, sirkelens kvadratur, tredeling av vinklar, eller andre matematiske utfordringar.

Men eg lærte ein ting - antakelig på intuisjon. Eg forsto noe av dette med den deriverte. Det har eg hatt stor nytte av seinare, særlig etter at eg også var borte i sosialøkonomi. Eg forsto kanskje ikkje så mye av det heller, men eg kjente i alle fall att den deriverte. Sosialøkonomar er heilt hekta på den deriverte, og fordi den sosialøkonomiske virkeligheta er så dominerande i politikken, er også politiske argument underlagt den derivertes diktatur.

I matematikken har den deriverte med integralrekning å gjera. Det er kompliserte greier, og endå verre blir det når den deriverte tar spranget over i sosialøkonomiske formlar. Då kan vanlige dødelige gje opp. Bare i ei enkel økonomisk oppslagsbok tar det mange linjer med brøker og delta-x og annan mystikk for å forklara den deriverte. Men det er sjølvsagt bare tilsløring for å halda på faglige hemmeligheter. Eg tilbyr i staden ei ganske enkel og brukbar forklaring.

La oss seia at vi har ei kurve over for eksempel arbeidsløysa frå veke til veke. Denne kurva seier noe om kor mange arbeidslause det er, og det er jo alt for mange. Men når talet ikkje aukar lenger, fell dei arbeidslause ut av nyhetsbildet. Dei blir ein vane - her som i land vi plar samanlikna oss med. Dei arbeidslause blir eit offer for den deriverte, for den deriverte seier ikkje noe om kor mange arbeidslause det er, men om talet stig eller fell.

Og det er meir, for dette er bare den førstederiverte. Den andrederiverte seier ikkje noe om det blir flere arbeidslause, men om stigningstakta er aukande eller fallande. Vi kan stoppa her, men det gjer ikkje matematikken og sosialøkonomien. Dei kan derivera i det uendelige, og stadig lenger bort frå utgangspunktet og virkeligheta kjem dei.

Dette var ikkje så farlig dersom derivering bare var ein leik for matematikarar og sosialøkonomar, men det er det ikkje. Den deriverte logikken har erobra politikken og invadert det politiske språket fordi den er så anvendelig og elastisk. Ein kan velja fritt mellom nivå og retning. Dersom virkeligheta er dyster, kan ein trøysta seg med den deriverte. Dersom opposisjonen angrip regjeringas handtering av ein sak, kan regjeringa forsvara seg med ein positiv andrederivert. Om LO blir uregjerlig fordi det er for mange arbeidslause, kan Clemet svara at talet ikkje stig lenger, mens Arbeiderpartiet minner om at den fallande tendensen i stigninga er i ferd med å flata ut.

Slike øvelsar er svært utbreidde. Sosialminister Wenche Frogn Sellæg har ein slags rekord med sitt argument for at det ikkje er nødvendig å gjera noe med sjukelønnsordninga foreløpig. Ho setter sin lit til den andrederiverte: "Sykefraværet har noe lavere veksttakt enn i de siste årene."

Siste ord går rimeligvis til forskningssjef Ådne Cappelen i Statistisk Sentralbyrå som anar, men ennå ikkje tør ta det for gitt at norsk økonomi betrar seg raskare enn han hadde trudd på forsommaren. Det er von i hangande andrederivert.