Abel: Eit kort, tragisk og
imponerande liv
Arild Stubhaug, 4/3-2000 - Apollon
Alt Abel rakk å skrive ned av sine matematiske tankar og idear, skreiv
han på fem-seks år – dei siste han levde – heile tida under stor uro om
kva det skulle bli til med framtidig stilling og inntekt, og sistpå også
med sjukdomsavbrot. Og då han døydde av tuberkulose 26 år gammal i 1829,
hadde han på dei fleste menneskelege område eit svært ulykkeleg liv å
sjå tilbake på. Ved skrivebordet var han suveren og sikker i si evne til
å formulere, til å overføre det ukjente og nye til forståelege teikn og
uttrykk. Arbeida hans blei epokegjerande på fleire felt. Men borte frå
skrivepulten var han overdynga av bekymringar. Dette begynte ganske
tidleg. Han vaks opp på prestegarden i Gjerstad, saman med fem søsken.
13 år gammal blei han sendt til katedralskulen i Christiania, og her
gjekk han ei tid i klasse med den to år eldre bror sin, Hans Mathias,
som dei første åra greidde seg betre og fekk betre karakterar enn Niels
Henrik.
Far deira, Søren Georg Abel, var ein svært allsidig begava prest og
folkeopplysar. Mor deira var dotter til den rikaste mannen i Risør by.
Det var ikkje småtteri eit handelshus på Agder-kysten på slutten av
1700-talet rådde over. Men som så mange andre rike handelshus, gjekk
også dette dundrande konkurs i åra etter Napoleons-krigane.

Arild Stubhaugs Bragepris-lønna Abel-biografi er gitt ut på engelsk i
år, i Richard Dalys omsetjing.
I 1806 skreiv fader Abel ei katekismeforklaring som i det neste tiåret
kom i fem opplag her til lands og blei brukt på linje med Pontoppidans
gamle pietistiske forklaring . Det var mange som såg ein komande biskop
i sogneprest Abel. Frå sitt distrikt – Nedenes Amt – blei pastor Abel to
gonger valt til stortingsmann, og ved begge sesjonane gjorde han seg
sterkt bemerka, mest i negativ retning. Og livet hans enda i skandale og
stor sorg.
Fordømd av universitetet
Det begynte med denne katekismeboka: Ikkje berre politisk og økonomisk,
men også religiøst var det store omveltingar rundt 1814. Fader Abels
katekisme blei no sett på som den verste form for vranglære og
potet-prest-teologi som dei siste tiåra hadde prega norsk kyrkje- og
skuleliv! Dette blei hevda frå Det teologiske fakultetet ved vårt nye
universitet, eit universitet som no (i den nye nasjonen) blei tillagt
ein kolossal autoritet i alle spørsmål. I landets største avis, Det
Norske Nationalblad, blei Abels katekisme gjennomgått og kritisert
sønder og saman punkt for punkt over fleire nummer. Konklusjonen kom på
trykk: Fader Abel var landets største heidning – så grovt hadde han
synda at han måtte ta ansvar for at minst 10 000 norske sjeler var på
rask veg til fortaping. Dette skjedde i 1817. Niels Henrik var elev ved
katedralskulen og skulle konfirmerast i Vår Frelsars kyrkje og
undervisast nettopp i farens katekisme.
Berre nokre månader etter at fader Abel var blitt omtalt på denne måten,
kom han (for andre gong) som stortingsmann til hovudstaden. Frå
Stortingets talarstol kritiserte han no ein av landets mektigaste menn:
Carsten Anker, eigaren av Eidsvoll jernverk, vert for
Eidsvolls-forhandlingane som nettopp hadde gitt oss Europas mest
liberale grunnlov. Representant Abel kritiserte og skulda Carsten Anker
for å ha lurt arbeidarane sine i pensjonsspørsmål, og desse skuldingane
blei tekne som ei så stor fornærming at saka under heile sesjonen
verserte i ulike komitear, og det blei truga med riksrett.
Familietragedie
Saka blei likevel til sist lagt til sides fordi det blei sagt at ein
riksrettsprosess ville vere sløsing både av krefter og pengar. Dette
skjedde hausten 1818–. Fader Abel reiste heim til prestegarden sin i
Gjerstad, og han begynte å drikke meir enn før. Alle i bygda visste at
presteparet drakk og at dei helst drakk kvar for seg – fru Abel synest
tidleg å ha blitt alkoholisert. Med fader Abel gjekk det no raskt
nedover. Då han gjekk bort våren 1820, ville han døydd i dei mest
sørgelege og usanitære forhold om det ikkje hadde vore for gode
hjelparar i bygda. Kona ville i alle fall ikkje stelle han, ho ville dei
siste dagane ikkje eingong gi han eit glas vatn å drikke. Og i fader
Abels gravferd drakk ho seg openlyst full og gjekk til sengs med ein
tenestekar.
På katedralskulen i Christiania reagerte Niels Henrik og storebror Hans
Mathias svært ulikt på familiens og farens gradvise undergang. Niels
Henrik hadde nettopp då dette skjedde, fått tak i matematikken og
tileigna seg ny kunnskap med ein slik fart at læraren hans – Bernt
Michael Holmboe – i karakterprotokollen omtalte han som «Et udmærket
mathematisk Genie». Men i dei andre faga gjekk det tungt, og han blei
berre «på prøve» flytta opp i ny klasse. Men for storebror Hans Mathias
svikta konsentrasjonsevna fullstendig, karakterane raste nedover, og han
gleid inn i ein depresjon så djup at rektor måtte sende han heim med
klar melding om at det ikkje lenger var noko håp for at han nokon gong
ville greie å ta examen artium. Storebror Hans Mathias blei sendt heim
til Gjerstad, og der kom han resten av livet, i over 20 år, til å gå som
ein halvtulling i moras skjørtekantar.
Niels Henrik var frå no av svært opptatt av å berge stumpane av familien
og fekk etter kvart to av søskena sine inn til Christiania og lykkast
med å sette dei på rett spor før han sjølv gjekk bort. I løpet av desse
åra blei han også forlova – til vennenes store forundring – noko
økonomisk utsikt til giftarmål fekk han aldri, men han rakk såvidt også
å kople forloveden sin til eit framtidig godt liv – i ekteskap med ein
av sine beste venner.
Eg påstår sjølvsagt ikkje at all denne tristesse skulle til for å skape
det matematiske geniet, men det er tydelege trekk i bildet av mennesket
og matematikaren Abel. Mens familien gjekk ad undas rundt han, blei han
djupt engasjert i matematiske problemstillingar, og stigninga opp i det
matematiske var brå og veldig.
Elevstreik
Denne plutselege og intense matematiske vendinga har også med
matematikklærarane hans å gjere – og med enda ei tragisk hending. Etter
dei nye skulereformane rundt århundreskiftet 1800 skulle det å slå og
pryle elevane også vere avleggs. Men Niels Henrik sin første
matematikklærar på katedralskulen i Christiania – H.P. Bader – var ein
av dei som dreiv på gamlemåten: Avskrift frå tavla, og pryl til den som
ikkje lærte. Og ein dag i november 1817 skjedde noko skjebnesvangert:
Han slo ein elev så voldsomt at eleven etter åtte dagars sengeleie
døydde. Elevane nekta å møte til undervisning dersom ikkje Bader blei
fjerna – truleg var dette den aller første elevstreiken i norsk
skulehistorie. Bader blei suspendert og kom aldri tilbake. Rektor måtte
i hui og hast finne ein ny matematikklærar, og han fann ein av sine
tidlegare elevar, Bernt Michael Holmboe, som hadde fått all den
matematikkundervisning det gjekk an å få i Norge på den tida, og som
hadde studert vidare på eiga hand. Holmboe var berre sju år eldre enn
Niels Henrik, han var inspirert av nye pedagogiske idear og begynte å gi
elevane oppgåver. Og etter kort tid oppdaga han altså Niels Henriks
heilt eineståande evner. Han ga Niels Henrik privatundervisning og
rettleia han vidare i den matematiske litteraturen.